Velkommen

Velkomen til Stranda legekontor si heimeside. Vi ønsker å gjere kontakten med oss så enkel som muleg. Derfor er det tilrettelagt for bestilling via SMS på desse sidene.

Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legekontoret her. Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon om du ønsker det.



Viktig informasjon

13. april 2012 kl. 14:09

Informasjon til våre pasientar ad. faktura

Vi anbefalar alle våre pasientar om å betale med kort( eller kontant) for alle våre tenester.  

Odin Kapital A/S har tatt over all fakturering og innkrevjing av faktura for Stranda legekontor.  

Dersom du ber om å få betale via faktura, samtykker du i at namn, adresse, tlf. nr og besøksdato vert overført til Odin Kapital.  

Odin Kapital legg til eit gebyr på for tida 55 kr.   Alle spørsmål vedrørande faktura skal rettast til Odin kapital A/S på tlf. nr 73101610.

28. februar 2012 kl. 12:39

Eigenandelstak for FRIKORT 2012

Eigenandelstak 1 1980 kr.
Eigenandelstak 2 2560 kr.(fysioterapi).
Eigenandelane er uendra fram til 31.06.12.

 

Eigenandelen vert automatisk innrapportert til HELFO og frikort vert automatisk sendt til adressa di, og det du eventuelt har betalt for mykje blir utbetalt automatisk til kontoen din.

 

Husk å gi beskjed på legekontoret når du mottar frikortet ditt, slik at vi får registrere det. Då unngår du unødvendig fakturering.

 

Info om frikort får du på www.helfo.no/frikort eller Frikorttelefonen 81570050.

 

Info om pasientreiser får du på www.pasientreiser.no eller telefon 05515